Ein optisk modulator er eit apparat som vert nytta til å endre eigenskapane til ei lysstråle. Det kan til dømes vere retninga til lysstrålen, frekvensen, fasen eller lysintensiteten.
Ofte er den lettaste måten å endre intensiteten til lyset på ved å endre straumen som driv lyskjelda, til dømes ein laserdiode. Denne måten å modulere lyset på vert kalla direkte modulasjon.